Takk for i år!

Takk for ein flott NATTCUP 2019!
NATTCUP 2020 vert laurdag 24. oktober



Laurdag 26. oktober var det for 18. år på rad klart for Nattcup i innebandy i Husneshallen. Det er ungdomsarbeidet på Husnes bedehus (KRIK og Nattcaféen) som, saman med kyrkjekontoret, står for dette kristne, rusfrie ungdomsarrangementet.

Meir enn 250 personar var innom Husneshallen denne kvelden, og av desse var ca 80 med i sjølve turneringa. I år var det 11 lag påmeldt til turneringa. Dette er litt færre enn tidlegare, og den elste klassen for 1. vg og oppover måtte dessverre gå ut dette året. Me satser på at det ordner seg til neste år igjen. :-)

Det var stor stemning og stort engasjement under kampane, og i programdelen mellom innleiande gruppespel og sluttspelet hadde Hartvig Kloster og Hermond Berhane eit flott opplegg. Gjennom trylletriks og maling m.m. formidla dei budskapet om Jesus på ein svært så kreativ og fengande måte.

På Nattcupen blir det og lagt stor vekt på den sosiale biten rundt turneringa. I cafeen kunne ein sette seg ned og prate med folk, kjøpe seg heimelaga pizza, brus, sjokolade, kule-is m.m. og ein kunne teste ut FIFA20 på Playstation 4.

Me vil få seie tusen takk til alle som stilte opp og gjorde dugnad i cafeen og som vakter og ansvarlege rundt forbi. Tusen takk til alle som hjalp til både før, under og etter cupen! Og nok eit år må eg få nemna eit fantastisk raust næringsliv som gjer det mulig for oss å gjennomføre denne storsatsinga år etter år!

Vinnarar Nattcup 2019:

Klasse A (Jenteklassen):
1. plass: IL Inkompetente
2. plass: PINK!
3. plass: Dreamteam


Klasse B (8.–10. kl):
1. plass: Oves Disiplar
2. plass: Guzzi Gang
3. plass: Team Husnes




Slik hadde me det i 2018:

Kommentarer

Husnes Motor as TrimX Husnes Sport Kvinnherad Breiband