Lørdag 12. november!Så er det straks klart for Nattcup i innebandy i Husneshallen igjen! GRATIS inngang! --> Opnings-SHOW - Turnering - Flotte premiar - Spennande kampar - Nattcafe - Besøk av
KRIK Vestland m.m.
NB! Påmeldingsfrist for lag er
ONSDAG 9. NOVEMBER!Kr 30,- per person å delta i turneringa.
Konfirmantar som deltek i kyrkja sitt konf.opplegg i Kvinnherad går gratis.
Det er mulig å komme på Nattcup utan å spele innebandy, men det er mange fordeler med å vera med i turneringa:
- Alle spelarar får gratis T-skjorte.
- Spelarar kan vinne kr 1000,- frå TrimX.
- Vinnarlaget i kvar klasse får gåvekort på kr 500,- hos Peppes på Husnes.
- Pokal til alle spelarar på 1., 2. og 3. plass.
VIKTIG INFO:
Det må vera minst 4 spelarar på kvart lag, max 8 stk. Kvar spelar betaler kr. 30,- for å vera med. Det er gratis å vera med for spelarar som er med i kyrkja i Kvinnherad sitt konfirmantopplegg dette året.
A - Dette er klassen for jentelag frå 8. klasse og oppover.
B - Dette er klassen for 8.-10. klasse. Både mix-lag og reine gute- eller jentelag kan vera med her. (Dersom laget har éin eller fleire spelarar som er over 10. klasse, skal laget stille i C-klassen.)
C - Dette er klassen for 1. vg og oppover. Både mix-lag og reine gute- eller jentelag kan vera med her.
DEI FØRSTE 100 PÅMELDE FÅR GRATIS T-SKJORTE:
I påmeldingsskjemaet velger de størrelse på T-skjorte for kvar spelar, eller velg "Ynskjer ikkje T-skjorte".
NB! Tomt for str XS. Veldig få str S igjen, så dei som melder seg på nå, er ikkje sikra at dei får den str. :-)
VELKOMMEN!PÅMELDING HER:Klasse A (Jenter)
Klasse B (8.-10. klasse)Klasse C (1. vg og oppover)SLIK HADDE ME DET I FJOR:
NATTCUP 2021:Samla over 400 ungdomar til nattcup - Marius Tveit Nissestad (
Grenda) -
Sjeldan har KRIK Husnes samla fleire ungdomar i Husneshallen enn det dei gjorde under årets utgåve av den tradisjonsrike nattcupen.
– Me har ofte lege rundt 300 personar innom arrangementet, og for to år sidan var det rundt 250 som tok turen innom. Men i år var det ein stad mellom 400 og 450 personar innom arrangementet. Det er veldig kjekt å sjå, seier Jan Ove Fagerheim.
Sugar Mommy’s
Det er med andre ord tydeleg at nattcupen i innebandy har vore eit etterlengta arrangement for kvinnheradungdomen, etter eit års fråvær som følgje av pandemien. Noko også påmeldinga til sjølve innebandyturneringa viste.
– Det var eigentleg 34 lag som var påmeldt då fristen gjekk ut, men så måtte nokon lag melda forfall på grunn av sjukdom. Så då laurdagen kom var det 29 lag som stilte til start, seier Fagerheim.
Det er ein god del fleire enn dei 11 som konkurrerte då nattcupen sist gjekk av stabelen for to år sidan.
Blant deltakarane var «Sugar Mommy’s» frå Husnes ungdomsskule.
– Det er veldig gøy med nattcup. Det er kjekt å spela, men det handlar like mykje om at det er noko som skjer på kvelden. Alt det sosiale rundt, seier lagvenninnene på Sugar Mommy’s, Eileen Harsvik, Cindy Sjøvangen Arnevik, Emilie Vimme, Amalie Vågen, Andrine Mortensen, Oda Hauge og Eileen Borgen.
For sjølv om innebandyturneringa er sjølve rosina i pølsa denne kvelden, var det som vanleg flust av andre sosiale tilbod ein kunne bli med på. Blant anna i nattkafeen kor ein anten kunne slå kameraten i Fifa, eller berre slå av ein prat.
Vellukka arrangementI sjølve turneringa vart det totalt spelt 48 kampar og scora 192 mål fordelt på dei tre klassane; jenter, ungdomsskule og vidaregåande.
I jenteklassen var det «Etne jenter» som stakk av med sigeren etter å ha slått «100» 1-0 i finalen. I klassen for spelarar på ungdomsskuletrinnet var det «Ternen» som kunne jubla høgast etter å ha slått «Fortniteboys69» 3-1 i finalen, medan det i den eldste klassen var «Ove’s disiplar» som drog det lengste strået etter ein spennande 5-4-siger mot Levi Jensens Fanklubb.
– Eg sit att med eit inntrykk av at dette vart eit vellukka arrangement. Og det er deilig å oppleva at det er mange år sidan me har kjent på det spøkelset med rusproblematikk rundt nattcup-arrangementet. Noko vi først og fremst kan takka dei flotte ungdomane for, men òg dei vel 75 flinke frivillige som stiller opp og gjer det mogleg for oss å arrangera denne cupen, seier Fagerheim.
Overraska av stiftingaUnder årets opningsseremoni deltok Farmen-presten Thor Haavik og nokre ungdomar frå Bergen med program. Seinare på kvelden delte soknepresten i Etne, Per Hjemdal, nokre tankar med ungdomane. Her dukka det plutseleg opp to representantar frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad med ei stor overrasking. Dei hadde nemleg vedteke at dei ville gje ei pengegåve på 50.000 kroner til KRIK Husnes og nattcupen.
– Det varmar med ei slik overraskande gåve. Eg fekk heilt bakoversveis over storleiken på gåva, seier Fagerheim.
Slik hadde me det i 2019:
Slik hadde me det i 2018:
Kommentarer