Reglar


Generelt


§1 Alle skal vera greie med kvarandre på banen og utanfor banen.

§2 Alle skal respektera dommaren sine avgjersler.

§3 Alle skal innfinna seg etter Turneringsreglane.

Utstyr

§4 Alle skal nytta plast innebandykølle og innesko som ikkje lagar svarte striper i golvet. Det er lov å nytta eiga innebandy-kølle.

Spelet

§5 Dersom eit lag ikkje har møtt innan 2 min etter kampstart får motstandarlaget alle tre poenga og 1-0 i målforskjell.

§6 Ein skal ikkje vera meir enn 4 spelarar på banen. Ein kan byte spelarar så ofte som ein vil.

§7 Det er ikkje lov å få andre spelarar med på laget etter registrering.

§8 Dersom det er uavgjort etter kamp i sluttspel går ein direkte til straffeslag-konkurranse.

§9 Straffe skal takast frå midtbanen - utan keeper. Ingen spring etter ballen før den har passert mål. Frislag blir teke frå der udåden fann stad.

§10 Dersom nokon trør på ballen eller at han blir øydelagt på anna vis, skal ballen droppast på staden.

§11 Kamptida vert sett i høve til kor mange lag som deltek i turneringa.

Reglar

§12 Det er ikkje lov å røre ballen med hendene.

§13 Det er ikkje lov å føre, score eller passe ballen med føtene. Ballen kan stoppast med føtene. Ball som sprett til ein annan ved stopp vert ikkje rekna som pasning.

§14 Dersom ein forsvars-spelar trakkar med foten i målgarden, vert det straffe.

§15 Det er ikkje lov å rygge inn i motspelar.

§16 Banning og nedlatande snakk om andre kan gje utvisning i 1 minutt. Gjentekne utvisningar på dette grunnlaget kan gje utvisning for resten av kampen.

Straff

§17 Det vert frislag dersom ein: -ryggar inn i motspelar, -rører ballen med hendene, -førar, scorar eller passar ballen med føtene.

Farefullt spel gjev og frislag. Farefullt spel er: høg kølle medan motspelar er i nærleiken, slenging av kølle, spark, slag og skubbing.

Høg kølle defineres slik: "Hvis en utespiller løfter køllebladet over hoftehøyde i bakoversvingen før ballen treffes, eller i foroversvingen etter at ballen treffes, gis det frislag."

§18 Det vert eitt minutts utvisning (gult kort) dersom ein: - har farefullt spel, gjentek udådane i §17.

§19 Det vert utvisning resten av kampen dersom ein er valdeleg, gjentek udådane i §18.

§20 Det vert straffe dersom ein: forsvarar trakkar med foten i målgarden, reddar ballen med hendene i mål, sleng kølla etter ballen på eigen banehalvdel, flyttar målet, legg seg framføre mål.

Kommentarer

Husnes Motor as TrimX Husnes Sport Kvinnherad Breiband